Ein Friskare Klode 2

Ein lege sitt håp om ein friskare klode

Skrevet 28. april 2026

"Utan rein luft å puste inn, reint vatn å drikke og trygg tilgang til mat finst ingen moglegheit til å verne menneskets helse." Tekst av Sara Soraya Eriksen, leder for Legenes klimaaksjon. Utdrag fra boken "Vår Tid er Nå" (Res Publica 2026).

Denne teksten er ett av tolv kapitler fra boken Vår tid er nå. (Res Publica, april 2026).  

Boken samler stemmer fra unge, kunnskapsrike klimaaktivister med brennende hjerter – mennesker som kjemper for å forme framtida. Boka er redigert av Gina Gylver og bidragsytere er: Vebjørn Bjelland Berg, Gytis Blaževičius, Sandra Butoyi, Franciska Eliassen, Isak Gregers Eriksen, Sara Soraya Eriksen, Gina Gylver, Ella Marie Hætta Isaksen, Jonas Kittelsen, Sigrid Hoddevik Losnegård, Frøya Skjold Sjursæther og Elvira Gòmez Snerte.

-----------------------------------------------------------------

Ein lege sitt håp om ein friskare klode
Av Sara Soraya Eriksen, leiar i Legenes klimaaksjon.

Klimakrisa er allereie på legekontoret. Ho sit i pollenallergien som ikkje lar seg behandle, i hjartesvikten som slår inn i varmen, og i lufta millionar av menneske pustar inn kvar einaste dag.

– Martin?

Eg sette meg opp i senga. Sette dei små føtene mine i golvet og gjekk dei to små stega det tok å gå frå mi ende av senga bort til bror min i andre enden.

– Martin? Er du vaken?

Eg fann ryggen til bror min blant alle bamsane i senga hans og pirka borti han. Ikkje noko svar. Berre ein velkjend lyd.

(TUNG, PIPANDE PUST)

– Martin?

Framleis ikkje svar.

(TUNG, PIPANDE PUST)

– Berre vent her. Eg skal hente mamma og pappa. Vent her. Ok?

Eg vende ryggen til bror min og la på sprang. Ut soveromsdøra, gjennom den gule gangen, til rommet til foreldra mine.

– Mamma! Pappa! Martin får ikkje puste.

Eg hadde knapt fylt fire år og stod barbeint på det kalde soveromsgolvet til foreldra mine. Dei heiv seg opp av senga. Før eg visste ordet av det, var dei begge ute av rommet. Igjen stod eg og dei kalde tærne mine. Utanfor rommet høyrer eg lydar av fars tunge skritt som spring inn på badet. Eit par sekundetterpå høyrer eg ei kjent during. Pappa hadde henta forstøvarapparatet, eller «den magiske maskina», som eg likte å sjå på den som. Magisk medisin i kammeret, maska rundt hovudet til Martin, trykke på den grøne knappen, mykje during, damp frå maska – og så, etter nokre minutt: Den tunge pusten var jaga vekk, og Martin kunne igjen vere den irriterande storebroren min som alltid åt heilt usannsynleg sakte, aldri ville la meg låne leikebilane sine, og alltid berre skulle lese «ei side til» heller enn å sløkke lyset for kvelden.

Det var først over tjue år seinare, då eg sjølv var blitt lege, at eg skulle forstå kva som eigentleg hadde skjedd med lungene og luftvegane til bror min den kalde vinternatta. 

Det var også over tjue år seinare at eg skulle innsjå det dystre faktum at lungelidingar berre er ein av mange tilstandar som blir påverka og forverra av den største helsetrusselen i vår tid: forbrenning av kol, olje og gass.

Bror min hadde eit astmaanfall den natta eg vakna av at han ikkje fekk puste. Astma er ein tilstand med tilbakevendande pusteproblem på grunn av tronge luftvegar. Astma og andre luftvegslidingar blir påverka av ulike faktorar i omgjevnadane våre. Blant desse er luftforureining, og ei av dei største kjeldene til dette er forbrenning av fossile energikjelder. 

Gassar og partiklar du pustar inn, som metan, svart karbon og nitrogenoksid, påverkar risikoen din for å få ein sjukdom og kor alvorleg den blir. Trass i at eit astmaanfall kan gå føre seg på dramatisk vis, treng astma heldigvis ikkje vere ein dødeleg diagnose å ha. Med rett behandling lever dei fleste med astma i Noreg eit heilt normalt liv. Dette skuldast i stor grad tilgang på kunnskap, førebyggande tiltak og medisin, samt eit velutvikla helsevesen og sjukehus med kapasitet til å handtere alvorlege astmaanfall.

I industrialiserte land vi likar å samanlikne oss med, er dette heldigvis hovudregelen: Astma er stort sett ikkje dødeleg. Samtidig er det ikkje noko land eller menneske i verda som er immun mot klimakrisa sine påverknader på helsa.

Luftforureining drep

Ei historie som har gjort enormt inntrykk på meg, handlar om ni år gamle Ella Roberta frå London. Ella fekk astmadiagnosen då ho var sju år, og i løpet av berre eit par år hadde Ella heile tretti sjukehusinnleggingar grunna astmaforverringar, likt det broren min opplevde den vinternatta eg var fire. Den 5. februar 2013, berre tre veker etter den niande bursdagen hennar, døde Ella Roberta av eit astmaanfall.(1)

Verdsorganisasjonen for helse (WHO) har etablert klare anbefalingar for medisinsk akseptable nivå av luftforureining.(2) Natta Ella døydde, var luftforureiningsnivået frå nitrogendioksid langt over WHO sine anbefalingar i Ella og familien hennar sitt område av London. Ved nesten samtlege av Ella sine opphald på sjukehus før ho døydde, var dette også tilfelle.(1

Dette medførte at Høgsterett i Storbritannia i 2019 sette i gang ei gransking av rolla luftforureining hadde i Ella sin død. Etter ei ni dagar lang behandling av saka var konklusjonen frå rettsmedisinaren Philip Barlow klar. Og han var slåande:

Luftforureining var ein betydeleg medverkande faktor til både årsak og forverring av astmaen hennar. [—-] Ella si mor fekk ikkje informasjon om helserisikoen ved luftforureining og potensialet den hadde til å forverre astmaen. Dersom ho hadde fått denne informasjonen, ville ho ha tatt grep som kunne ha forhindra at Ella døydde.(3)

Dødsfallet blei kopla til luftforureining som ein direkte konsekvens av forbrenning av fossilt brensel, og etter rettssaka blei Ella det første barnet i verda som fekk luftforureining stadfesta som dødsårsak. Men sjølv om historia er grusom er ho langt frå den siste. Kvart år døyr 7 millionar menneske globalt som følgje av luftforureining. Av desse kan 4,2 millionar knytast til utandørs luftforureining medan resten kjem av innandørs forureining frå forbrenning av ved og kol.(4)

Klimaendringar på legekontoret (5)

Etter endt teneste som lege i spesialisering trinn 1 (LIS1) arbeidde eg ei tid som fastlege i Nordland. Eg hadde ikkje jobba lenge før eg møtte fleire pasientar som eksemplifiserte samanhengen mellom klima og helse. Den første pasienten var ei eldre kvinne som lenge hadde gleda seg til å reise på ferie med storfamilien til sydlegare strøk. Planen var å feire den runde bursdagen hennar, og samtidig vere saman med born, barneborn og oldeborn. Men no tok ho kontakt med meg fordi ho ønska ei legeerklæring til forsikringsselskapet.

Ho hadde innsett at ho ikkje kunne reise. Underleg, tenkte eg for meg sjølv. Eg hadde møtt denne kvinna ved fleire anledningar, og ho hadde over lengre tid uttrykt kor mykje ho gledde seg til denne reisa. Ikkje såg kvinna noko særleg sjuk ut heller, og det var enno fleire veker til reisa skulle finne stad.

– Fortel meg meir om dette, sa eg og smilte til ho.

Kvinna såg skuffa ned i golvet.

 – Hjartesvikten min … forklarte ho. – Det høyrest kanskje litt rart ut, men eg blir jo så tungpusta og sliten dei gongane eg er i varmare strøk. Heilt utmatta, klarer ikkje å gjere noko som helst. Blir berre liggande inne på sofaen. Og no ser eg på vêrmeldinga at det er meldt opp mot førti grader. Det går rett og slett ikkje for meg. Eg tør ikkje å ta sjansen.

Klimaendringar, tenkte eg. Hetebølgjene hadde slått inn på rekke og rad dei siste åra. Eg syntes ikkje tankerekka hennar var rar i det heile tatt. Faktisk var ho nokså klok.

 – Veit du kva. Eg forstår veldig godt kva du meiner, sa eg til henne. Hetebølgjer har potensial for å forverre kroniske sjukdommar – som hjartesvikt.(6)

Kvinna såg opp på meg, nesten letta i blikket. Letta over at det ikkje var hennar eigen manglande stamina, eller «svakheit», som var hindringa for familieturen, men at det faktisk fanst ei vitskapleg forklaring på symptoma ho tidlegare hadde opplevd i varmare strøk.

Eg lytta på hjartet til kvinna, kontrollerte blodtrykket og pulsen hennar, rekvirerte ei hjartesvikt-blodprøve, og så blei vi einige om å sette opp ein ny kontrolltime om ikkje lenge.

Nokon tur til sydlegare strøk skulle det uansett ikkje bli, det hadde ho bestemt seg for.

– Vi får nyte sommaren her nord, sa ho til meg på veg ut av kontordøra. – Blir det som i fjor, blir det vel meir enn varmt nok her også.

– Ja, du har rett. Vi får nyte varmen her i nord, smilte eg tilbake. Men eg hadde ein bismak i munnen. Veka etter hadde ein ung mann bestilt seg time. «Allergi» var notisen som helsesekretæren hadde skrive inn i timeboka.

– Kva kan eg hjelpe deg med i dag? spurte eg idet han sette seg ned i stolen.

– Eg forstår ikkje kva som skjer, starta han. – Denne pollenallergien min har tatt heilt av i det siste. Det klør heilt sinnsjukt, og auga mine berre renn og renn, eg blir dødssliten av det. Eg får ikkje gjort noko som helst på dei verste dagane. Eg blir heilt utslått.

 – Dette høyrest slitsamt ut, stemde eg i. – Det må vi få hjelpt deg med. Brukar du allergimedisin?

 – Ja! Og eg har gjort det dei siste åra også. Allergimedisin dagleg, og så brukar eg augedropar og nasespray.

Klimaendringar, tenkte eg. Hjernen min begynte å kverne. Klimaendringar, med stigande temperatur og meir fuktig klima, gir lengre pollensesong, samt auke i mengda pollen og allergen produsert av planter. (7) Litt allergi må ein vel tole, kan ein fort tenke. I realiteten er pollenallergi eit globalt helseproblem som saman med plagene hos den enkelte også fører til store økonomiske tap på grunn av medisinske utgifter, tapte arbeids- og skuledagar, og tidlege dødsfall.

I Europa er det i dag dobbelt så mange unge som er allergiske mot pollen som det var for 30 år sidan.(8) Allergiplager som ikkje er optimalt behandla, kostar landa i EU aleine mellom 600 milliardar og 1,7 billionar kroner årleg.(9)

Vi var einige om at den unge mannen ikkje kunne ha det sånn, og eg gjorde endringar i allergimedisinane hans. Dersom dette ikkje fekk symptoma hans under kontroll, avtalte vi at han kunne ta kontakt for ein samtale om allergivaksinasjon. Dette er eit alternativ for menneske som trass i at dei tar allergimedisin på korrekt vis, har uttalte allergiplager. Det skjer enten som injeksjonsbehandling eller i tablettform, og er ei behandling med ikkje ubetydelege kostnader for samfunnet. Allergivaksinasjon i tablettform skal takast som ein smeltetablett dagleg, vanlegvis i tre år. Ein smeltetablett hadde i 2025 ein pris på 37 kr, og utan blåreseptordninga hadde behandlinga kosta den unge mannen 39 516 kroner totalt for tre år.(10)

 – Vi er heldige som bur i eit land med så gode velferdsordningar, sa han til meg på veg ut av kontoret. Eg smilte og nikka, også denne gongen med ein bismak i munnen, vel vitande om at konsekvensane for helsa vår som eit resultat av av klimaendringar, avheng av geografiske og demografiske forhold, og ikkje minst av kor velutvikla helsesystema er. Ikkje alle har trekt vinnarloddet med å vere fødd i Noreg.(11)

Dei mange helsekonsekvensane av klimakrisa 

Etter enda medisinstudium i Bergen og eit tilvære som fastlege i Nordland har eg flytta arbeidskvardagen min inn igjen på sjukehuset. Eg har starta eit spesialiseringsløp mot draume­ jobben min som lege i fødselshjelp og kvinnesjukdomar.På kvinneklinikken er det kort mellom ei roleg vakt og høgt tempo. Det er korte sekund mellom lykke og sorg, reine golv og ein blodpøl, kvilepuls og adrenalin – og det er akkurat det eg elskar med jobben min.

Dessverre er heller ikkje svangerskap eller dei reproduk tive organa til ei kvinne immune mot klimaendringane sin påverknad. Hete og luftforureining er assosiert med både auka risiko for dødfødsel,(12) for tidleg fødsel,(13,14,15,16,17) for at barnet som blir født, er mindre enn normalt,(12, 13, 14) samt auka risiko for at barnet som blir født, har medfødde misdanningar, inkludert i hjartet.(18,19)

Astmaforverring, lungelidingar, hjartesjukdom, allergiplager og svangerskaps- og fødselskomplikasjonar er dessverre berre nokre få av mange eksempel på korleis klimakrisa påverkar helsa vår. Vi veit med sikkerheit at helsekonsekvensar av klimaendringane allereie pregar befolkninga på jorda i stor skala – og dei landa som sjølv bidrar minst til klimagassutsleppa, dei minst industrialiserte landa, er dei som merkar lidingane mest. Denne skeivfordelinga finn ein også på individnivå. 10 prosent av menneska på jorda, dei med størst klimafotavtrykk, er aleine ansvarlege for 48 prosent av dei globale klimagassutsleppa, medan den halvparten av jordas befolkning som har minst klimafotavtrykk, kun står for 12 prosent av det globale klimagassutsleppet.(20)

Det er ikkje utan grunn at WHO har definert klimakrisa som den største trusselen mot helsa til mennesket i vårt århundre.(21) Hetebølgjer, tørke, skogbrannar, flaum, ras og andre naturkatastrofar – dei direkte konsekvensane av klimaendringane er her allereie. Dei tar menneskeliv og forverrar kroniske lidingar, slik kvinna som kom til meg på legekontoret, hadde opplevd. Vidare blir vasstryggleiken påverka av ekstremvêr, og i delar av verda gir dette auka risiko for vassborne sjukdommar som kolera og tyfoidfeber.(22)

Ressursfattige land som har dårleg utbygd infrastruktur for vatn og avløp, vil bli ekstra hardt råka. Også mattryggleiken blir påverka av ekstremvær, noko som medfører underernæring(18) og svolt. 

Omfanget av ekstremvær har ført til at 127 millionar fleire menneske lid av moderat til alvorleg matmangel i verda i dag samanlikna med åra 1981–2010.20 Vidare fører ein oppvarma klode og endra temperaturar til endringar i levekåra til sjukdomsspreiande organismar, noko som aukar risikoen for å bli smitta av sjukdomar som til dømes malaria, denguefeber og vestnilfeber i nye område av verda.(20)

Dei indirekte helsekonsekvensane av klimaendringane er vel så omfattande. I tillegg til luftforureininga frå forbrenning av fossil energi, som tar fleire millionar liv årleg, vil stadig fleire landområde på jordkloden bli ubuelege.

Dei siste ti åra har ekstremvêrhendingar ført til at omtrent 250 millionar menneske har måtta flykte frå heimane sine – det svarar til omlag 70 000 menneske kvar einaste dag.(23) Blant alle folka som er på flukt i dag, oppheld tre fjerdedelar seg i land som er hardt råka av klimaendringar.(24) Det er nok eit eksempel på korleis klimaendringar rammar allereie sårbare menneske hardt. I tillegg til dei mange helserisikoane knytt til det å vere på flukt, er kvinner og born i ein slik situasjon spesielt sårbare. Estimat frå FN anslår at så mange som omlag 90 prosent av dei kvinnene og jenteborna som flyktar over Middelhavet, blir valdtekne.(25)

Samstundes er klimakrisa tett samanvevd med nedbygging av natur. Øydelegging av natur reduserer økosystemet sine evner til å ta opp og nøytralisere effekten av klimagassar. Med mindre natur risikerer også kvar enkelt av oss å gå glipp av dei mange og store positive helseeffektane som nærleik til naturen gir. Dette inneber redusert risiko for hjerneslag, hjarteinfarkt, høgt blodtrykk, diabetes, dessutan lågare nivå av stress, betre hukommelse og kreativitet, samt betre sjølvopplevd helse og større velvære og lykke.(26)

Samanhengen mellom klimakrisa, forureining av luft og miljø, samt naturøydelegging har gitt opphav til at FN har tatt i bruk omgrepet «The triple planetary crisis» – den trefoldige planetære krisa.(27) Fellesnemnaren for desse tre krisene er at dei er forårsaka av vår overutnytting av naturen sine ressursar.

Legar si moralske forplikting

Legestanden står ved eit vegskilje i dag. Som vaktarar av god helse har legar eit særleg ansvar for å varsle når helsa er trua. Vi kan halde fram med skylappane på og forsøke å behandle oss ut av helsekrisa med stadig ny teknologi, kunstig intelligens, meir effektive datasystem, nye legemiddel og helsepersonell som spring «endå litt fortare» – eller vi kan ta tak i dei underliggande årsakene til sjukdom.

Legar har tidlegare samla seg om samfunnsmessige strukturar som påverkar helsa til verdas befolkning. Den inter­ nasjonale legeforening mot atomkrig (International Physicians for The Prevention of Nuclear War, IPPNW) hadde berre eksistert i fem år då den i 1985 fekk Nobels fredspris for arbeidet med å spreie informasjon om dei negative helsekonsekvensane av atomvåpen og atomkrig.

Som lege sjølv drøymer eg om at yrkesgruppa mi igjen skal klare å samlast og vere klar i talen. Og WHO har mana til handling: Klimakrisa, seier dei, er vår tids største helsekrise.Ho bidrar allereie til millionar av dødsfall årleg, og ho kjem til å fortsetje å gjere det i åra som kjem. Klimakrisa, tett samanvevd med naturkrisa, påverkar òg geopolitiske, finansielle og samfunnsmessige strukturar.

Det klokaste vi alle kan gjere for både eigen og framtidige generasjoners helse, er å ta dette på alvor. Ingen politikar, helseleiar eller statsleiar kan hevde at dei tek helsa vår på alvor utan å ta klima- og naturkrisa på alvor.

Flokken sin forsvarar

Det finst heldigvis mange forbilde å sjå opp til, folk som har via livet sitt til å gjere noko med urettferda i verda. Dei dyktigaste legane eg veit om, ser både pasientane sine som enkeltindivid og som ein del av samfunnet, som borgarar på same jordklode. Den største av dei alle er legen Per Fugelli (1943–2017). Allereie i 1993 skreiv han dei berømte orda: «The patient earth is sick». Han påpeika så at «helsekonsekvensane av forstyrringar av økosystem for jorda si befolkning var omfattande. Det er derfor naudsynt at legar bidrar til korrekt diagnose, samt bidrar med korrekt behandling for kloden vår.(28) Fugelli meinte at forstyrringar i klima og miljø kan ha omfattande konsekvensar for helsa vår, og at dette i aller høgste grad er legar sitt ansvar. 

I den berømte debattartikkelen «In Search of Social Medicine» introduserte Fugelli fleire potensielle verkemiddel for å oppnå ei berekraftig helse for verdas folk. Mellom anna foreslo han å skattlegge aktivitetar som utnyttar naturressursar eller forureinar miljøet. Han ville dessutan auke klimabistanden til utviklingsland, og han ønskte å innføre grenser for forbruk («consumption control») i dei rikaste delane av verda.(19)

Per Fugelli via karrieren sin til dei som er svakast stilt i samfunnet, som etniske minoritetar, ressursfattige folk, og menneske med rusutfordringar. Han var ein meister i å sjå heile individet, og han praktiserte ei tilnærming til medisinfaget der individet var i sentrum, ikkje dei enkelte symptoma og diagnosane. Fugelli var overtydd om at helse avheng av fellesskap med andre menneske, og med dei berømte orda: «Ikke vær et ettall på jorda, bry deg om flokken din», minte han oss om at det er meir enn celler, vev og velfungerande organ som er utslagsgivande for god helse og eit godt liv. Også korleis vi behandlar medmenneske – og jordkloden vår – er del av dette reknestykket.

Rettferdig global helse er mogleg

Som fireåring, på det kalde soveromsgolvet til foreldra mine, fekk eg eit frampeik på kva retning karriera mi ville ta. Eg blei lege fordi eg har eit grunnleggande ønske om at alle skal ha like moglegheiter til god helse. Klimakrisa er urettferd og usolidaritet i praksis, der dei som har bidrege minst til forureining og utslepp, betalar den største prisen – både når det gjeld helsekonsekvensar og økonomiske tap. Å finne måtar å begrense global oppvarming og naturøydelegging på, samtidig som vi plasserer ansvaret der det høyrer heime, er vår tids største kollektive utfordring.

Det har gått ei tid sidan 1993 da Fugelli kom med sine berømte ord, og i dag veit vi at klima- og naturkrisa er ei kjelde til sjukdom, liding og død. Heldigvis har vi også moglegheit til å gjere noko med problemet – men det stiller krav til oss.

 «En lege skal verne menneskets helse. Legen skal helbrede, lindre og trøste. Legen skal hjelpe syke til å gjenvinne sin helse og friske til å bevare den», heiter det i dei etiske reglane for legar.(29) 

Utan rein luft å puste inn, reint vatn å drikke og trygg tilgang til mat finst ingen moglegheit til å verne menneskets helse. Som det klokt har blitt sagt:

Det er ikkje mogleg med friske menneske på ein sjuk planet.

(Noter og kilder)

----------------------------------------------------------------------

Kjøp boken "Vår tid er nå" her.

Se Klimakulturs intervju med Shweta Narayan fra The Global Climate and Health Alliance om helseskadene fra fossile brensler. Narayan snakker blant annet om rapporten "Cradle to Grave" som beskriver helseskadene fra fossile brensler.  

 



Vil du ha nyheter, verktøy, ressurser og informasjon rett i innboksen?

* påkrevd
Nyhetsbrevet sendes ut en gang i måneden