Björk og Rosalía i Oral, bilde fra YouTube.
Björk og Rosalía i Oral, bilde fra YouTube.

Björk og Rosalía til kamp mot norsk oppdrettslaks

Skrevet 12. January 2024

På singelen "Oral" har Björk alliert seg med Rosalía og går til kamp mot oppdrettslaksen. Les Klassekampens intervju med Björk om låten her:

Intervjuet med Björk sto opprinnelig på trykk i Musikkmagasinet i Klassekampen, 8. desember 2023.

Tekst: Frida Fliflet, Klassekampen.

Ut i naturen

Å vera miljøaktivist er eit maraton, ikkje ein sprint, meiner Björk.

Eit av årets beste låtslepp var også eit av årets mest uventa: Björk og Rosalía gir ut ein ... lakselåt? Jo då, i oktober kom nyheita om at dei to avantgardistane hadde foreina krefter for å retta merksemd mot det dei meiner er Islands lusne lakseindustri. 

På Instagram la Björk lite imellom:

«When Icelandic and Norwegian businessmen started buying fish farms in the majority of our fjords, it was a big shock and rose up as the main topic this summer (...) this has already had devastating effect on wildlife (...)»

Og i slutten av november kom «Oral», ein nydeleg kunstpopsak der Björk speler hovudrolla og Rosalía ein glitrande bikarakter. Alle som hadde håpa (eventuelt frykta) at sjølve låten skulle handle om laks, måtte sjå seg snytte: «It’s about love», har Björk uttalt. 

Inntektene frå låten går til den islandske naturvernorganisasjonen Aegis – og til å støtta protestantar frå den vesle bygda Seyðisfjörður som kjempar mot lakseindustrien der.

(Intervjuet sto først på trykk i Musikkmagasinet i Klassekampen, 8. desember 2023.)

Klassekampen spurte om å få snakka direkte med Björk, som ikkje har gjort nokre intervju med nordisk presse om saka. Epost-intervju var einaste moglegheit, fekk vi til svar, så vi sende over ei rekke spørsmål.

«Eg tenkte alltid at eg ville spara på «Oral» til eit godt høve», fortel Björk.

«Oral» er nemleg ein gammal låt, skrive «ein eller annan gong» mellom albuma «Homogenic» (1997) og «Vespertine» (2001). Ettersom den var «for poppete» for begge albuma, lét Björk songen ligga. 

Men ho hugsa ikkje kva ho kalla mastertapen, og dermed forsvann låten i praksis – fram til ho plutseleg kom på rett namn i fjor (etter ei nyheitssending der dei gjentok setninga «oral or not?»).

«Då eg endeleg fann låten igjen, var grua og korrupsjonen rundt den norske lakseindustrien med opne merdar den største nyheitssaka her på Island. Så eg bestemte meg for å støtta den kampen», skriv Björk.

(Björk og Rosalía i Oral-videoen, bilde fra YouTube.)

Tosidig beundring

Ho følte likevel at låten trengde ein fersk gjest for å ha livets rett i 2023. Katalanske Rosalía blei eit opplagt val:

«Ho er ein utruleg songar. Dessutan var den dancehall-inspirerte beaten som eg skreiv for 25 år sidan ikkje altfor langt unna reggaeton-beatsa som ho leikte seg med på den siste plata [«Motomami» frå 2022, journ.anm]. Musikalsk sett verka det som ein god match.»

Både Rosalía og produsent Sega Bodega hjelpte til med å oppdatera låtproduksjonen. Å få med Rosalía betyr dessutan at det spansk- språklege publikummet låner øyre til songen, og sidan oppdrettslaksindustrien er stor i Argentina og Chile, er det ein fordel. 

Björk kallar samarbeidet «fantastisk»:

«[Rosalía er] så profesjonell, og har ein magi ved seg. Det er heilt utruleg at ho og teamet hennar har gjort ein så stor innsats for denne saka.»

Beundringa går begge vegar. Rosalía er ein uttalt Björk-fan, og har nemnt islendingen som ein viktig pioner, forbilde og inspirasjonskjelde. 

Men i motsetning til Björk har ho knappast profilert seg som ein aktivist, anna enn å vera ei feministisk stemme både i og utanfor musikken. Ja, i ei kanselleringsivrig samtid har Rosalía vore påfallande apolitisk – ho har uttalt seg støttande om klima- og miljøsaka og ytra sitt sinne mot det høgrepopulistiske partiet Vox, men det er stort sett det. 

For fans, publikum og spanskskrivande presse kom «Oral» dermed inn frå sidelinja: «er det dette som skal bli Rosalías første politiske kampsak?» Sjølv har ho ikkje sagt eit knyst. Klassekampen har vore i kontakt med plateselskapet for å få ein kommentar, utan hell.

Den aktivistiske arven

På Island, derimot, var det neppe eit sjokk at Björk tok på seg aktivisthatten. Som dotter av miljøaktivisten Hildur Rúna Hauksdóttir, har Björk ei viss genetisk belasting (mora har mellom anna sveltestreika i vekevis i protest mot aluminiumsverk og vasskraftverk). 

For eksempel gjekk ho saman med venninna Greta Thunberg om å få den dåverande islandske statsministeren Katrín Jakobsdóttir til å erklæra klimanaud på Island i 2019. 

Også fjorårets plate «Fossora» tok på mange måtar for seg naturen – og nyleg annonserte Björk ivrig at ho har forteljarstemma i naturdokumentaren «Fungi», med premiere i januar.

Men nett no er det altså laksen som er i fokus. Den har vore mykje i islandske nyheiter det siste året, for industrien har vekse i rekordfart: 

Frå ein produksjon på 8300 tonn laks i 2014, har talet auka til 51 000 tonn per 2022. 

Det har vore fleire protestar, mellom anna no i oktober, då rundt 3000 demonstrantar – nesten ein prosent av Islands befolkning – møtte opp i Reykjavík. 

Kva er det med denne saka som set fyr på Island? Björk er ikkje redd for å bruka store ord:

«Kampen mot oppdrettsfisk i opne merdar er del av kampen for jordas framtid. Det gjer enorm skade på miljøet, og skapar intens liding for millionar av oppdrettsfisk. Dette er ein nådelaus og inhuman måte å produsera mat på.»

I tillegg slepper industrien ut mykje avfall:

«Ekskrement, fôrrestar, sprøytemiddel, mikroplast og tungmetall flyt uhindra gjennom merdane. Kjemikalia og plasten er dødeleg for andre typar liv i havet.»

«Har oppført seg frykteleg»

Eit klimaks kom i august, då over 3500 oppdrettslaks rømte frå merdane sine i Vestfirðir nordvest på Island. Desse var eigde av selskapet Arctic Fish, som igjen er eigd av norske Mowi. 

I kjølvatnet av hendinga har det islandske mat- og veterinærtilsynet bedd om ei offentleg gransking av selskapet for brot på akvakulturloven. 

Norske oppdrettsselskap er tungt involverte på Island: I tillegg til Mowi, er Arnarlax – Islands største lakseprodusent – eigd av Gustav Witzøes Salmar. (Salmar-arving Gustav Magnar Witzøe er for øvrig Noregs rikaste, med ein formue på 26,5 milliardar kroner). 

Björk er rysta over at selskapa har fått drive på «nesten utan reguleringar».

«Norske lakseselskap har, dessverre, oppført seg frykteleg på Island. Utstyret, oppdretts- teknologien og direktørane deira er importerte frå Noreg», hevdar Björk, som understrekar at ho har fått hjelp av Jón Kaldal frå The Icelandic Wildlife Fund til å svara på spørsmåla frå Klassekampen.

Ho held fram:

«Både her og i Noreg er dødelegheita i merdane rundt tjue prosent. Denne grua er skrive inn i businessmodellen – den er ein ibuande eigeskap, ikkje ein systemfeil.»

Industrien trugar også sjølve eksistensen til Islands villaks, meiner Björk (og informerer om at laksen kom før menneska).

«Kvar elv har sin eigen ‘klan’ som er tilpassa det lokale miljøet, fødeelva; eit resultat av naturlig seleksjon i tusenvis av år. Den genetiske blandinga av villaks og rømt oppdrettslaks har svært øydeleggande konsekvensar for villfisken si evne til å overleva i naturen.»

«Vi er godt informerte»

Administrerande direktør i Arctic Fish, norske Stein Ove Tveiten, har sagt unnskyld for lakseflukten i Vestfirðir og øydelegginga det skal ha ført til. 

Dagbladet konfronterte han med Björks utsegn om at «to norske milliardærar fucka opp alt i Noreg» (altså den norske oppdrettsindustrien), svarte Tveiten at musikaren «ikke er kjent med vår industri» og at ho verkar å ha «forutinntatte holdninger om hvordan lakseoppdrett foregår». 

Dette avfeiar Björk.

«Eg er ikkje aleine – flesteparten av islendingane er einige med meg, og eg er omgitt av spesialistar frå ni av dei største naturverngruppene på Island. Vi er veldig godt informerte og kjenner industrien», meiner ho.

I starten av november blei det kjent at eit enormt utbrot av lakselus hadde skada eller drepe anslagsvis rundt ein million fisk, også dette i Vestfirðir. Fisken blei naudslakta og brukt som fòr, då det er forbode å bruka han i matproduksjon til menneske.

Tveiten skriv i ein e-post til Klassekampen at Arctic Fish «erkjenner at det har vært utfordringer med lus dette året og gjør grep for at dette ikke skal skje igjen. (...) Rømming [av fisk] er ikke akseptabelt og vi jobber kontinuerlig med forbedringer for å forebygge slike hendelser.» 

Han understrekar at selskapet ikkje kjenner seg igjen i Björk si beskriving av industrien, og påpeiker også at lakseoppdrett har eit lågt utslepp av klimagassar.

Den islandske regjeringa har uansett bestemt seg for å regulera akvakulturindustrien meir, og Matdepartementet er i gang med å laga eit rammeverk. Dei foreslår mellom anna at maksimum eitt oppdrettsselskap skal få driva på i kvar fjord. 

«Kva er den generelle stemninga blant islendingane om dette temaet? Lakseindustrien gir jo arbeidsplassar og bidrar til å halda liv i små, avsidesliggande stader – det er vel ikkje heilt friksjonsfritt?»

«Meiningsundersøkingar har gjentatte gongar bekrefta at det store fleirtalet på Island er mot industrien. I ein undersøking frå november svarte 69 prosent dei er mot oppdrettsindustri i opne merdar, medan ti prosent er for», skriv Björk.

Undersøkinga ho visar til, blei utført av selskapet Maskina med 937 respondentar, og visar ei klar auke i motstand mot oppdrettsindustrien.

Faktaboks:

21. november 2023 gav Björk ut singelen «Oral» saman med spanske Rosalía.

Låtinntektene går til kampen mot oppdrettslaks på Island, der norske selskap er tungt involverte. 

Noreg er verdas største produsent av oppdrettslaks, ifølgje Nærings- og fiskeridepartementet. Industrien omset for nærmare 80 milliardar kronar årleg.

Fokus på alt

Björk har sine tvil om fisketuristar framleis kjem til å komma til Island om villaksen blir «utvatna» – eller utrydda, då.

«Sjølvsagt har ein sympati med folk som kan mista jobbane sine, men samtidig forstår islendingane at denne industrien også vil ta livet av andre jobbar: Inntektene frå flugefiske av villlaks er heilt essensielle for oppimot to tusen familiar som bur i det rurale Island», skriv ho.

Men lakseindustrien er ikkje det einaste miljøproblemet som skapar hovudbry:

«Det er ikkje nok å berre fokusera på ein ting. Vi må gjera alle tinga! Men nett no er havforsuring [at havet får lågare pH-verdi som følgje av auka CO2-utslepp i atmosfæren, som igjen kan få store biologiske konse- kvensar, journ.anm.] høgt oppe på agendaen min. Og oppdrettsfiske i opne merdar er definitivt ein stor del av det problemet.»

Björk har tidlegare uttalt at ho helst held aktivismen sin til Island, som er lite nok til at ho «faktisk kan gjera ein forskjell». No bur ho her òg, rett utanfor Reykjavik, etter mange år i London og New York. (I skrivande stund rundar ho av ein europaturne, der kvar konsert inneheld ein monolog av Greta Thunberg). 

Så kva har desse åra med klimaaktivisme lært ho?

«Det er eit maraton. Ikkje ein sprint.»



Vil du ha nyheter, verktøy, ressurser og informasjon rett i innboksen?

* påkrevd
Nyhetsbrevet sendes ut en gang i måneden